Om WSVold Subsea

WSVOLD Subsea vart etablert som eit skuleprosjekt under min utdanning ved Fagskulen i Kongsberg, og har sidan utvikla seg til eit profesjonelt selskap som tilbyr utleige av ROV til undervassoppdrag. Selskapet spesialiserer seg på inspeksjon, søk, kartlegging og opphenting av mindre gjenstandar under vatn, og retter seg mot både private, samt industri- og forskingsssektoren.

Med fokus på kvalitet, presisjon og pålitelegheit leverer WSVOLD Subsea fleksible løysingar tilpassa kundens spesifikke behov. Eg prioriterer personleg oppfølging for å sikre at alle oppdrag vert utførte på ein effektiv og tilfredsstillande måte.

For å sjå meir om skuleprosjektet, samt utvikling av bedrifta kan du klikke på biletet.