ROV-tenester
WSVOLD Subsea tilbyr utleige av ROV, spesielt utvikla for oppdrag som inspeksjon, søk, kartlegging og opphenting av mindre gjenstandar. Ved bruk av sonar vert oppdraga enklare og raskare gjennomført, samstundes som ein kan samla inn mykje data der det er naudsynt. WSVOLD Subsea legg vekt på fleksibilitet og personleg oppfølging for å sikre at oppdraga vert løyst på ein effektiv og tilfredsstillande måte.

Inspeksjon
WSVOLD Subsea tilbyr inspeksjonstenester med ROV som er spesielt godt eigna for tronge og krevjande undervassmiljø. ROV-en kan brukast til å inspisere leidningar, skrog, kaianlegg og andre undervasskonstruksjonar, og leverer nøyaktige og pålitelege data. Tenesta passar for både private og profesjonelle aktørar som treng effektiv og trygg inspeksjon under vatn.

Kartlegging
WSVOLD Subsea tilbyr kartlegging av botn i sjø og vatn. Tenesta er ideell for å kartleggje undervassmiljø, identifisere strukturar eller objekter på botnen og dokumentere tilstanden i område som er vanskelege å nå. ROV-en gjev presise og detaljerte data, noko som gjer tenesta godt eigna for både planlegging, inspeksjon og dokumentasjon i ulike prosjekt.

Søk og opphenting av gjenstandar
WSVOLD Subsea tilbyr tenester for søk og opphenting av mindre objekt under vatn ved hjelp av ein fleksibel og brukervennleg ROV. ROV-en er utstyrt med gripeklo, som gjer det mogleg å lokalisere og hente opp gjenstandar under vatn. Tenesta er godt eigna for både private og profesjonelle behov.
